Kva er IPS?

Med mindre du jobbar i Nav eller med psykisk helse er det truleg at du aldri har høyrt om IPS. Det hadde ikkje eg heller før eg søkte på stillinga som jobbspesialist.

«IPS» står for «Individual Placement and Support», noko som er fornorska til «Individuell jobbstøtte».

Kort forklart handlar IPS om å hjelpe personar med moderate til alvorlege psykiske lidingar og/eller utfordringar med rus ut i fast, ordinært arbeid.

Våre jobbsøkarar vert tilviste frå den kommunale tenesten for psykisk helse og rus eller frå DPS. Primærmålgruppa er under 35 år, og det er ein føresetnad for oss at det er jobbsøkaren sin eigen motivasjon for å kome ut i arbeid som er hovudmotivasjonen bak tilvisinga.

Etter at du er tilvist vil du få din eigen «jobbspesialist» i Nav som skal hjelpe deg å finne din neste arbeidsgivar. Vi ønsker å verte godt kjend med deg for å kunne finne den beste arbeidsplassen for nettopp deg. Vi nyttar tida godt framfor å gjere forhasta val, for vi ønsker at den neste jobben du får vert langvarig.
Vi samarbeider tett med din behandlar og rettleiar i Nav og eventuelle andre ressurspersonar slik vi alle dreg lasset saman, same veg.

Men vår jobb er på ingen måte over når arbeidsgivaren er funnen og kontrakta signert. Vi legg opp til ei langvarig oppfølging i arbeid slik vi er sikre på at alt går etter planen, og vi kan vere behjelpelege undervegs om det trengs små justeringar enten det er frå di eller arbeidsgivar si side.

Dette er den enkle forklaringa. Om du ønsker meir informasjon om IPS kan du lese meir på Nav sine sider:
https://www.nav.no/no/person/arbeid/oppfolging-og-tiltak-for-a-komme-i-jobb/psykiske-helseproblemer/individuell-jobbstotte-ips

For meir informasjon om oss og vårt tilbod kan du kontakte jobbspesialisten i di kommune. Du finn kontaktinformasjon under «kontakt».

Jobbspesialist
Stian Runne Brandal

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *