Kjære arbeidsgjevar

I IPS er målet av vi skal hjelpe våre jobbsøkarar ut i ordinært arbeid. Med det meiner vi at vi ønsker å unngå arbeidstrening, tiltak eller liknande løysingar så langt det let seg gjere. For dei aller fleste er det viktig og riktig å få delta i det ordinære arbeidslivet på like vilkår som resten av arbeidsstokken, med den same belønninga.

Her kjem du inn i biletet, kjære arbeidsgjevar.

Det er ikkje uvanleg at vi møter undring og ein del spørsmål når vi presenterer kva vi driv med for bedrifter og næringsdrivande. Det er forståeleg. Det å vere open om psykisk sjukdom eller rusmisbruk i ein rekrutteringsprosess er ikkje vanleg. Dei fleste vil nok forbinde slik openheit med å drastisk redusere sjansane sine for å få jobb.

Men dette er verken sjeldne eller uvanlege utfordringar. Ta eksempelvis ei bedrift med 100 tilsette. Statistisk sett vil mellom 17-25 av dei tilsette oppleve psykisk sjukdom det komande året (kjelde).
Omtrent 4-5 av dei tilsette vil oppleve skadeleg rusbruk (kjelde).

Dei færraste klarer å peike på kven som vil verte representerte i statistikken. Kanskje ikkje ein gong når det gjeld oss sjølve.
Det einaste som er sikkert er at det vil kreve ressursar frå arbeidsgivar i form av oppfølging og tilpassing. Det vil koste pengar for sjukefråvær, vikarbruk og tapt verdiskaping. Ikkje minst dei personlege utfordringane for dei det gjeld.

Her kjem vårt «trumfkort» inn i biletet.

Vi kjenner jobbsøkarane våre.

Vi får ei tilvisning frå ein behandlar som kjenner vedkomande. Denne behandlaren skal vi samarbeide tett med i jobbsøkinga. Så startar vi på ein kartleggingsprosess der vi er interesserte i mykje meir enn tidligare arbeidserfaring og jobbønsker. Saman med jobbsøkaren vår finn vi ut kvar skoen trykker. Vi ønsker å vite kva som må til for at jobbsøkar skal trivs i arbeid og bli verande lenge. Korleis spelar helsa inn, og kva må til for å kunne jobbe utan at helsa står i vegen? Denne kartlegginga held vi på med til vi er sikre på kva type arbeid og arbeidsmengd vi skal sikte oss inn på. Det viktigaste for oss er at den neste arbeidsgivaren er den rette for vår jobbsøkar.

Våre jobbsøkarar har planen klar. Vi har ein plan for når dagane vert tyngre. Vi har ein plan når rullgardinene er på veg ned og dørterskelen veks. Vi har ein plan for korleis fortsatt halde seg rusfri.
Dette oppfordrar vi alle til å vere opne med arbeidsgivar om.

Våre jobbsøkarar kan ha utfordringar, men dei har også løysingane.

Ei av løysningane er å ha ein jobbspesialist frå Nav med på laget som gir tett oppfølging så lenge det måtte vere naudsynt frå arbeidsgivar eller jobbsøkar si side.

Du finn oss her, og vi er klare til å informere dykk ytterlegare!

Stian Runne Brandal
Jobbspesialist
Nav Hareid-Ulstein-Sande

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *