ARBEIDSGIVAR

Med Søre Sunnmøre IPS som rekrutteringspartner vil du få fylgjande meirverdi tilbake:

• Motiverte medarbeidarar

• Kvalifiserte medarbeidarar

• Trygg og open rekrutteringsprosess

• Oppfølging og tilrettelegging for arbeidstakar og arbeidsgivar så lenge det er ønskeleg

• Dedikert jobbspesialist tilgjengelig for di bedrift

• Tett samarbeid med NAV

• Kunnskap om økonomiske stønadar og virkemidlar

• Stort fagnettverk og mange samarbeidspartnerar

Ein lønsom deal!

Jobbspesialistane på Søre Sunnmøre har som mål å vere ein trygg rekrutteringspartner med den beste oppfølginga for arbeidsgivaren. Vi bistår motiverte arbeidssøkarar i jakta på den riktige jobben.

All forskning viser at jobb er tilfriskande og gir gode helsemessige effekter dersom vi får bruke vårt talent, våre ferdigheiter og kompetanse ute i arbeidslivet, på den riktige arbeidsplassen.

Jobbmatch

Jobbspesialistane er opptekne av bedrifta sine behov og kva dokke ser etter når dokke skal rekruttere nye medarbeidarar. Vi veit at det er både tid- og ressurskrevande å få rett person på rett plass. Jobben vår er å verte godt kjend med ulike arbeidsgivarar og sjølvsagt med kandidatane som leitar etter jobb. Gjennom kartlegging av personlege eigenskapar, interesser og ferdigheiter, har vi gode føresetnader for å finne fram til rett jobbmatch.

Jobbspesialisten vil legge til rette for at alle partar skal kome godt ut av det i en tilsetjingsprosess.

Vi er eit stort team med erfaring frå mange bransjar og yrker, og vil vere tilgjengelege for deg når du treng det!

Ynskjer du kvalifiserte kandidatar, ring ein av våre jobbspesialistar i dag, vi hjelp deg kostnadsfritt.

ER DU ARBEIDSGIVAR? Last ned vår brosjyre her.