JOBBSØKAR

Jobbspesialistane på Søre Sunnmøre er for deg som står utanfor arbeidslivet

Denne tenesten er for deg som får oppfølging frå kommunal rus-/psykiatriteneste og/eller Volda DPS, og er heimehøyrande på søre Sunnmøre. Ta kontakt med din behandlar om du ønsker å tilvisast til IPS.

Tilbodet er frivillig og uforpliktande, men ein føresetnad er at du ønsker å kome (tilbake) i fast, løna arbeid. Med det meiner vi at målet ikkje er arbeidstrening eller andre tiltak.

SØKER DU JOBB? Last ned vår brosjyre her!

Jobbspesialisten er oppteken av ditt behov og kva du treng for å lukkast i jobbsøkarprosessen.

Sjølv om du har periodar i livet der du ikkje har jobba, har vi erfart at personlege eigenskapar, interesser og ferdigheiter er det aller viktigaste for at arbeidsgivarar skal tilsette deg. Jobbspesialisten vil legge til rette for at alle partar skal kome godt ut av det i en ansettelsesprosess.

Kva kan jobbspesialisten bidra med?

• Gjere deg bevisst på eigen kompetanse og eigne ferdigheiter
• Bygge relasjonar med arbeidsgivarar på dine vegne
• Vere ein pådrivar, medspelar og rådgivar
• Utarbeide CV og søknad
• «Preppe» deg før intervju

Nysgjerrig? Ta kontakt med oss då vel!

Tips før jobbintervjuet!